§ 7. Søknad om konsesjon

Innan to år etter at departementet har fastsett utgreiingsprogram for eit prosjektområde, skal den som har søkt om fastsetjing av utgreiingsprogrammet, sende inn søknad om konsesjon til departementet. Den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga skal leggast ved søknaden.

Søknaden skal minst innehalde opplysingar om:

  1. søkaren, søkaren si verksemd, eigartilhøve og finansielle kapasitet. Dersom søknaden omfattar fleire søkarar, skal alle namn, adresser og nasjonalitetar gjevast opp
  2. kven i Noreg som skal vere representant andsynes departementet
  3. kva for prosjektområde det vert søkt konsesjon for
  4. om det også vert søkt konsesjon etter energilova, t.d. for tilknyting av energianlegget til kraftnettet på land
  5. ei skildring av det planlagde prosjektet:

- estimert installert yting - estimert årsproduksjon - løysing for tilknyting til kraftnett - kostnadsoverslag - vurdering av lønsemda i prosjektet - potensialet for konflikt med andre interesser.

Departementet kan krevje ytterlegare opplysingar.

Departementet sender konsesjonssøknaden med prosjektspesifikk konsekvensutgreiing på høyring til relevante myndigheiter og interesseorganisasjonar, og gjer dette tilgjengeleg for offentlegheita på internett. Det skal setjast ein frist for fråsegner, som ikkje bør være kortare enn 6 veker.

Endra ved forskrift 29 mars 2023 nr. 442.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-06-12-1192
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
da17ea8d9282
Innholdshash (XML)
bfa82c4f7a1066cc3b7f6e93962fb40ed751df98c7857d653b223676805e8853
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-17