Instruks for institusjonar som forvaltar dokument innkomne etter lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument

I

Mottaksinstitusjonen Nasjonalbiblioteket skal gjennom informasjonstiltak, kontroll- og purrerutinar syta for at avleveringsplikta vert etterlevd.

II

Av dokument som vert pliktavleverte i sju eksemplar skal Nasjonalbiblioteket vidaresenda mottekne eksemplar til universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, og dessutan til samisk spesialbibliotek i Karasjok når ein monaleg del av innhaldet er på samisk språk.

III

Vidaresendinga skal i regelen skje seinast andre arbeidsdagen etter at eksemplaret er motteke ved Nasjonalbiblioteket, men det kan gjerast avtale mellom Nasjonalbiblioteket og dei aktuelle biblioteka om andre rutinar for vidaresendinga av visse grupper materiale.

Når eitt eller fleire av dei biblioteka som plikteksemplara skal fordelast til, ikkje ynskjer tilsende visse undergrupper av dokument, kan det gjerast avtale mellom vedkomande bibliotek og Nasjonalbiblioteket om dette.

IV

Dersom Nasjonalbiblioteket har motteke færre eksemplar enn dei sju som lova føreskriv, skal dei mottekne eksemplara forvaltast etter denne prioriteringa:

Samisk spesialbibliotek i Karasjok skal ha 3. prioritet, med påfølgjande nedprioritering av hine biblioteka, for dei dokumenta som skal sendast dit.

V

Alle eksemplara av dokument som vert pliktavleverte etter § 7 i lova skal oppbevarast av Nasjonalbiblioteket i eit særskilt avlåst magasin.

VI

Nasjonalbiblioteket i Rana pliktar utan tidsavgrensing å ta vare på eitt eksemplar av alle dokument som tryggingseksemplar.

VII

Nasjonalbiblioteket skal snarast råd registrera dei mottekne dokumenta. Uviktige dokument kan handsamast arkivmessig og ordnast i grupper etter emne og art utan einskildregistrering av kvart dokument.

Nasjonalbiblioteket har ansvaret for katalogisering på nasjonalbibliografisk nivå og tilhøyrande katalogprodukt.

VIII

Alle dei institusjonane som forvaltar eksemplar av pliktavleverte dokument, pliktar å syte for at all bruk skjer innanfor rammene av dei til kvar tid gjeldande opphavsrettsreglar.

Adresse for innsending:

Nasjonalbiblioteket Pliktavlevering 8607 Mo i Rana Tlf. 75 12 11 11 Faks: 75 12 12 22

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/1990-05-25-4696
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
a9663a8394492c1cd86d9789a33beeb9edc43a53de43f5337589482071b7a1e1
Rendererversjon
8
I kraft
1990-07-01
Siste endring i kraft
2008-01-15