§ 1-2. Definisjonar
I denne forskrifta tyder
- kassaskuff: oppbevaringsplass for betalingsmiddel som blir registrert i eit kassasystem,
- kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering.
- opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling,
- salskvittering: utskrift frå kassasystem som viser gjennomført kontantsalstransaksjon,
- returkvittering: utskrift frå kassasystem som viser at den salskvitteringa som er skrive ut tidlegare inneheld feilaktige opplysningar eller opplysningar om tilbakebetaling for prisjusterte eller returnerte varer eller tenester,
- kopikvittering: kopi av salskvittering,
- foreløpig kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal,
- utleveringskvittering: stadfesting av kredittsal,
- treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering,
- kvittering frå betalingsterminal: utskrift frå betalingsterminal som viser bruk av betalingskort,
- kontinuerleg bruk: all bruk av kassasystemet, blant anna registrering av sal mv. og utskrift av kvitteringar som nemnt i bokstavane d til h, endring av priser, korreksjonar, opningar av kassaskuff (nullinnslag), utskrift av rapportar og liknande, samt endringar av programvare og førebels tilkopling av ekstern programvare,
- elektronisk journal: dokumentasjon av den kontinuerlege bruken av kassasystemet i elektronisk form,
- Z-rapport: samanstilling av dagens registreringar i kassasystemet,
- X-rapport: samanstilling av registreringar i kassasystemet sidan førre Z-rapport,
- grand total retur: akkumulert verdi av returar og andre postar som har redusert kontantsalet,
- grand total sal: akkumulert kontantsal, utan frådrag av grand total retur,
- grand total netto: grand total sal redusert for grand total retur,
- STEB-kvittering: kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner,
- Integrert betalingsløysing: løysing kor informasjon om salet, beløp mv. sendast frå kassasystemet til betalingsløysinga, betalinga blir registrert automatisk i kassasystemet og betalingsmiddelet er anna enn setlar og myntar.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2015-12-18-1616
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 5963df2545bf0813b602c3492577c67b39904a2df7100dd6b157445823a464f2
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2017-01-01
- Siste endring i kraft
- 2026-02-03