§ 3. Definisjonar
I denne forskrifta meinast med:
- nettilbydar: tilbydar av elektroniske kommunikasjonsnett som nyttast til offentleg elektronisk kommunikasjonsteneste.
- nettutstyr: utstyr som nyttast til elektronisk kommunikasjon og som inngår som ein integrert del av elektroniske kommunikasjonsnett.
- anlegg: fysisk konstruksjon som huser nettutstyr, og som utgjer ein naturleg heilskap, som til dømes eit fjell-/bunkeranlegg, ei bygning, ein avgrensa del av ei bygning, eller ei mast.
- to-faktor autentisering: autentisering av personell ved hjelp av to av faktorane «noko personen har», «noko personen veit» og «noko personen er».
- EMP/HPM-våpen: våpen basert på elektromagnetisk puls (EMP) eller høgfrekvent radiostråling (HPM).
- hjelpeteknisk utstyr: straumforsyningsutstyr, reservestraumforsyning og kjøleutstyr som er fast installert i anlegg, eller tilrettelagt for å bli installert i anlegg, for drift av nettutstyr.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2012-09-10-866
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- cd8e21cff200b2f043cc2e1c813eb184fa85c80d91254019b786f0796ae81d43
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2013-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-01-01