Formålet med forskrifta er å bidra til at medisinske obduksjonar og bruk av lik som er avgjevne til bruk i undervisning og forsking, blir utført på ein verdig måte og med respekt for den døde og dei pårørande til avdøde.
Forskrifta gjeld for:
Legen som set fram kravet om medisinsk obduksjon etter obduksjonslova § 5, skal saman med kravet opplyse om
1. det er ønskeleg med obduksjon, 2. utteke materiale kan bli brukt til undervisning og forsking, 3. dei har rett til å nekte obduksjon, 4. dei har rett til å nekte bruk av uttatt materiale til undervisning og forsking.
Utsjånaden til den døde skal, så godt det lar seg gjere, gjenopprettast etter obduksjonen.
Utteke biologisk materiale skal behandlast etisk og fagleg forsvarleg og med respekt for den materialet stammar frå og dei pårørande.
Til bruk i undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag, kan universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim krevje å få utlevert lik som er avgjevne etter obduksjonslova § 9.
Liket kan ikkje overførast til universitetet før avskjedsseremoni i tråd med ønska til avdøde og dei pårørande er gjennomført.
Universitetet skal undersøke om den avdøde ga uttrykk for andre særskilte ønske saman med samtykket etter obduksjonslova § 9.
Universitetet som har fått utlevert liket, skal sørgje for at liket, og delar av det, blir gitt nummer eller merke slik at det lett kan identifiserast.
Universitetet skal føre oversikt over:
Universitetet som har fått utlevert liket, avgjer kven som kan bruke liket, eller delar av liket til undervisning og forsking. Universitetet kan setje vilkår for bruken av liket.
Den som brukar eit lik, eller noko av det, i undervisning eller forsking eller på annan måte har med det å gjere, skal halde seg strengt til føremålet med bruken og i arbeidet vise respekt for den døde.
Namnet og anna om livshøvet til den døde skal ikkje vere tilgjengeleg for andre enn dei som har behov for å kjenne til dette. Det kan likevel opplysast om alder, sjukdommar og anna som er ønskeleg eller nødvendig i undervisninga eller forskinga, men som ikkje bidreg til å finne ut kven den døde var.
Forskrift 19. mars 2004 nr. 542 om obduksjon m.m. og forskrift 11. januar 1985 nr. 19 om avgjeving av lik til bruk for undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag ved universiteta og andre lærestadar vert oppheva.
Forskrifta trer i kraft 1. januar 2016.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.