Elevar kan klage på korleis standpunktkarakteren i eit fag er fastsett. Statsforvaltaren er klageinstans.
Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga, sende ei grunngiving frå faglæraren for korleis karakteren er fastsett og ei fråsegn frå skolen om saksbehandlinga til klageinstansen.
Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste standpunktkarakteren eller oppheve standpunktkarakteren.
Dersom statsforvaltaren opphevar standpunktkarakteren, skal skolen sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein endeleg karakter. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.