§ 12-10. Krav for å bli tilsett i stilling som morsmålslærar

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast som morsmålslærar, har kompetanse som nemnd i andre eller tredje ledd.

Ein morsmålslærar med eit anna morsmål enn eleven må ha bestått universitets- eller høgskoleutdanning med totalt minst 90 studiepoeng i eleven sitt språk. Læraren må også ha pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1. Læraren må ha god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven.

Ein morsmålslærar med same morsmål som eleven må dokumentere gode norskkunnskapar. I tillegg må læraren ha bestått ei av følgjande utdanningar:

  1. universitets- og høgskoleutdanning som omfattar språket og kulturen til eleven i eit omfang på minst eitt og eit halvt år, og som har ei samla lengd på minst tre år, inklusive pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1
  2. lærarutdanning på morsmålet til eleven eller frå heimlandet til eleven
  3. treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar.

Ved tilsetjing av morsmålslærarar i dei nasjonale minoritetsspråka det ikkje finst studietilbod for i Noreg, kan kommunen og fylkeskommunen gjere unntak frå krava for tilsetjing.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01