§ 12-7. Krav for å bli tilsett i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa oppfyller eitt av desse krava:
Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.