§ 14-4. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka i den vidaregåande opplæringa for vaksne

Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne er fritatt frå skriveopplæring i skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter ordinær læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:

  1. Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 19-4
  2. Dei får opplæring i norsk teiknspråk etter opplæringslova § 19-9
  3. Dei får forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 19-8 andre ledd.

Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01