§ 15-27. Kompetansebevis i førebuande opplæring for vaksne

Kompetansebevis skal givast som dokumentasjon på førebuande opplæring for vaksne etter opplæringslova kapittel 19 i tilfelle der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise standpunkt-, modul- og eksamenskarakterar og eventuelle opplysningar om godkjend realkompetanse i kvar modul.

Kompetansebevis blir også utferda som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i tilfelle der ein vaksen deltakar berre har fått opplæring i delar av ein modul.

Dersom ein vaksen deltakar ikkje fullfører ein modul på det nivået der standpunkt- eller modulkarakter skal setjast, er det den siste midtvegsvurderinga med karakter som skal førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad på kompetansebeviset, med ei presisering av at det er midtvegsvurderinga med karakter som er brukt.

Dersom ein vaksen deltakar har fått godkjent berre delar av ein modul gjennom realkompetansevurderinga, skal det førast ein merknad om dette. Kva for kompetansemål som er nådde, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01