§ 19-1. Rapportering frå kommunen til Utdanningsdirektoratet

Kommunen skal gi Utdanningsdirektoratet følgjande opplysningar om grunnskoleopplæring, den førebuande opplæringa for vaksne, kulturskoletilbodet, skolefritidsordninga, leksehjelptilbod og den pedagogisk-psykologiske tenesta:

  1. opplysningar om skolen, mellom anna om kva skriftspråk som er hovudmål på skolen, opplæringsstad og skoleskyss
  2. opplysningar om barn og unge i opplæringspliktig alder, vaksne deltakarar og dei som deltek i eller er søkjarar til kulturskoletilbod
  3. opplysningar om tilsette, kompetanse og ressursar
  4. opplysningar om fagval og organiseringa av opplæringa for ulike elev- og deltakargrupper
  5. opplysningar om skolepengar, foreldrebetaling og moderasjonsordningar.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til barn og unge i opplæringspliktig alder, vaksne deltakarar og dei som deltek i eller er søkjarar til kulturskoletilbod, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for formål som er omtalte i opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01