§ 2-4. Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt

Kommunen skal etter søknad redusere foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. til 4. trinn slik at ho per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:

  1. Foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året.
  2. Ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år gjer at foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet einslege foreldre, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene eller har felles barn. Dersom søkjaren har sambuar utan felles barn, må søkjaren opplyse kommunen om dette.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn.

Kommunen kan krevje betaling for kost.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01