Fylkeskommunen kan krevje ein årleg eigendel frå elevar for å dekkje delar av kostnaden for ein berbar PC. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet. Etter vidaregåande skole skal elevane få behalde PC-en.
Elevar som avbryt den vidaregåande opplæringa, skal få tilbod om å kjøpe PC-en. Den samla betalinga kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet utrekna på tidspunktet då eleven avbraut opplæringa.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.