§ 4-13. Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3

Søkjarar som har bestått alle faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på vidaregåande trinn 1, skal takast inn til vidaregåande trinn 2. Søkjarar som også har bestått alle faga på programområdet på vidaregåande trinn 2, skal takast inn til vidaregåande trinn 3. Kravet om bestått gjeld også i dei faga der det berre blir gitt halvårsvurdering med karakter på det aktuelle trinnet.

Følgjande søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak etter første ledd, kan likevel takast inn til neste trinn dersom fylkeskommunen etter ei samla vurdering finn at det er forsvarleg ut frå dei faglege føresetnadene:

  1. søkjarar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter opplæringslova § 11-6, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå vidaregåande trinn 1 eller trinn 2
  2. søkjarar som planlegg å følgje vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål
  3. søkjarar som ikkje har bestått eitt eller fleire fag.

For søkjarar som fell inn under andre ledd bokstav a og b, skal fylkeskommunen leggje vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjarane.

Søkjarar som ikkje kan takast inn etter bokstav c, kan i særskilde tilfelle takast inn til neste trinn i mindre enn eit fullstendig programområde.

Fylkeskommunen kan også ta inn søkjarar som har gjennomført vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller er utan samanliknbart karaktergrunnlag, dersom fylkeskommunen vurderer at søkjarane har tilsvarande kompetanse og at opplæringa er likeverdig i omfang.

Fylkeskommunen kan i særskilde tilfelle ta inn andre søkjarar dersom det ligg føre tungtvegande grunnar, og søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01