{
 "canonical_id": "sf-20240603-0900#paragraf-4-2",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/opplæringsforskrifta/paragraf/4-2/",
 "heading_id": "4-2",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/opplæringsforskrifta/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "3925abeb973978ae5347d5de165f873fb8bd702695ce5f4c6ab0d9d2254c6f71",
  "retrieved_at": "2026-08-01T06:26:11.637345+00:00",
  "source_revision": "68ee012033bc8727144e6721569d47ece9fba5b3",
  "xml_hash": "9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05"
 },
 "ref_id": "forskrift/2024-06-03-900",
 "schema_version": "1",
 "slug": "opplæringsforskrifta",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 4-2. Inntak til utdanningsprogram og programområde\n\nSøkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller vidaregåande trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval, som forserer fag, eller som planlegg å bruke lengre enn normert tid på trinnet, jf. [§ 5-1](forskrift/2024-06-03-900/§5-1) tredje ledd. Dei som gjer omval og dei som forserer fag, har rett til opplæring også i dei faga som allereie er bestått.\n\nEin elev kan søkje fylkeskommunen om å ikkje delta i opplæringa i eit eller fleire fag for å ta eksamen som privatist. Fylkeskommunen kan innvilge søknaden om det ligg føre tungtvegande grunnar.\n\n> Endra ved forskrift [22 juni 2026 nr. 1184](forskrift/2026-06-22-1184).\n",
 "title": "Inntak til utdanningsprogram og programområde",
 "type": "paragraf"
}
