§ 4-20. Individuell behandling ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
Ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1 skal desse søkjarane behandlast individuelt:
søkjarar som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskolen
søkjarar som har gått på ein godkjend tiårig grunnskole og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar
andre søkjarar som ikkje har eit samanliknbart karaktergrunnlag
søkjarar som etter ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 15-26.
Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav b, skal fylkeskommunen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå grunnskolane dei kjem frå.
Fylkeskommunen kan også behandle søkjarar individuelt dersom det ligg føre tungtvegande grunnar og søkjaren har eit særleg behov for det.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.