§ 4-25. Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3

I utrekninga av poengsum skal alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og halvårsvurderingar med karakter i faga på vidaregåande trinn 1 og eventuelt trinn 2 leggjast til grunn, på denne måten:

  1. Kvar av talkarakterane skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt, med to desimalar, multiplisert med ti.
  2. Dersom det er fastsett i læreplanen i eit fag at sluttvurderingsuttrykket er «deltatt» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med.
  3. Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 5-9 eller § 5-10 eller har vore fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-20, § 9-21, § 9-22 eller § 9-23, skal faget ikkje reknast med.
  4. Dersom søkjaren har «ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «ikkje møtt til eksamen» (IM) i eit fag, skal faget vere med i utrekninga med talverdien null.
  5. Dersom søkjaren har tatt fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
  6. Dersom søkjaren har gått fleire ulike utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på trinn 2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01