{
 "canonical_id": "sf-20240603-0900#paragraf-4-5",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/opplæringsforskrifta/paragraf/4-5/",
 "heading_id": "4-5",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/opplæringsforskrifta/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "f3480fe22891303acc07a3637c9e2e549467d0f3f5979eedb6b005a703a264b0",
  "retrieved_at": "2026-08-01T06:26:11.637345+00:00",
  "source_revision": "68ee012033bc8727144e6721569d47ece9fba5b3",
  "xml_hash": "9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05"
 },
 "ref_id": "forskrift/2024-06-03-900",
 "schema_version": "1",
 "slug": "opplæringsforskrifta",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 4-5. Lokal forskrift om inntak\n\nFylkeskommunen skal fastsetje ei lokal forskrift om inntak som skal innehalde reglar om korleis inntaket skal gjennomførast, mellom anna reglar om\n\n1. kva for inntaksområde som gjeld\n2. korleis fylkeskommunen skal behandle søknader som kjem inn etter søknadsfristane\n3. særskilde inntakskrav for einskilde utdanningsprogram i tråd med [§ 4-6](forskrift/2024-06-03-900/§4-6)\n4. korleis inntak til opplæring i fylkeskommunale vidaregåande skolar, som er statleg finansierte og godkjende av departementet (landslinjer) skal gjennomførast\n5. korleis inntak til dei statlege vidaregåande skolane skal gjennomførast.\n\nDen lokale forskrifta kan innehalde utfyllande reglar om inntak av søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter [opplæringslova § 5-1](lov/2023-06-09-30/§5-1), og som ikkje bur i fylket.\n",
 "title": "Lokal forskrift om inntak",
 "type": "paragraf"
}
