{
 "canonical_id": "sf-20240603-0900#paragraf-6-7",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/opplæringsforskrifta/paragraf/6-7/",
 "heading_id": "6-7",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/opplæringsforskrifta/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "569ed11c142d959218a0ced3e6527e3d1f10cac13c4865a90e5c365017c1eb6d",
  "retrieved_at": "2026-08-01T06:26:11.637345+00:00",
  "source_revision": "68ee012033bc8727144e6721569d47ece9fba5b3",
  "xml_hash": "9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05"
 },
 "ref_id": "forskrift/2024-06-03-900",
 "schema_version": "1",
 "slug": "opplæringsforskrifta",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 6-7. Godskriving av vidaregåande opplæring som er gjennomgått etter innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet\n\nVidaregåande trinn 1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget skal godskrivast med eitt år. Andre vidaregåande trinn 1 skal godskrivast med 1/4 år. Dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg.\n\nVidaregåande trinn 2 for det aktuelle lærefaget skal godskrivast med eitt år. Vidaregåande trinn 2 i same utdanningsprogram som det aktuelle lærefaget skal godskrivast med 1/2 år. Dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg. Andre vidaregåande trinn 2 blir godskrivne med 1/4 år, og dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg.\n\nVidaregåande trinn 3 som har tre år med opplæring i skole, og som deretter har eitt år læretid i bedrift som byggjer på det same vidaregåande trinn 2 som det aktuelle lærefaget, skal godskrivast med 1/2 år. Lærefag som har ei samla opplæringstid på meir enn fire år, skal godskrivast med opp til 1/2 år i tillegg. Vidaregåande trinn 3 som byggjer på eit anna vidaregåande trinn 2, blir ikkje godskrivne.\n",
 "title": "Godskriving av vidaregåande opplæring som er gjennomgått etter innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet",
 "type": "paragraf"
}
