Tidlegare læretid eller allsidig praksis i tilknyting til læreplanen i det aktuelle lærefaget skal godskrivast fullt ut som læretid for lærlingar og som praksis for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
For praksiskandidatar kan allsidig praksis etter ei samla vurdering godskrivast dersom praksisen dekkjer dei viktigaste delane av innhaldet i læreplanen for opplæring i bedrift.
For lærekandidatar blir tidlegare læretid eller allsidig praksis i tilknyting til det aktuelle lærefaget godskriven etter ei konkret vurdering.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.