§ 8-3. Oppgåvene til oppfølgingstenesta

Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta

  1. ha fortløpande oversikt over alle i målgruppa for oppfølgingstenesta og aktuelle tilbod til desse
  2. gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har
  3. etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging
  4. etter behov følgje opp ungdommar som tar imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, med rettleiingssamtalar.

Foreldra til ungdommar som ikkje er myndige, skal ha same informasjon etter første ledd bokstav b med mindre informasjonen er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01