§ 9-3. Karakterar i fag
Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering med karakter i faga. Det er berre krav om karakterar ved halvårsvurdering og sluttvurdering.
Det skal brukast heile talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Karakterane skal vise til desse gradane av ferdigheit hos elevane:
- karakteren 6: framifrå kompetanse i faget
- karakteren 5: mykje god kompetanse i faget
- karakteren 4: god kompetanse i faget
- karakteren 3: nokså god kompetanse i faget
- karakteren 2: låg kompetanse i faget
- karakteren 1: svært låg kompetanse i faget.
I vidaregåande opplæring består ein eit fag med karakteren 2 eller betre. Med karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag blir faget rekna som bestått når eksamenskarakteren i faget er 2 eller betre. Dette gjeld ikkje for tverrfagleg eksamen.
Departementet kan fastsetje i læreplanen i eit fag om uttrykka «bestått» og «ikkje bestått» eller «deltatt» og «ikkje deltatt» skal brukast i staden for talkarakterar.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2024-06-03-900
- Hentet
- 2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
- Kilderevisjon
- 68ee012033bc
- Innholdshash (XML)
- 9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-01