Elevar og privatistar i den vidaregåande opplæringa som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til utsett eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.
Elevar og privatistar må leggje fram dokumentasjon på at dei var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa ikkje kunne føreseiast, og at dei ikkje kan lastast for hindringa.
Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell eventuell standpunktkarakter i faget bort.
Dersom elevane består utsett eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.