§ 9-46. Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål i vidaregåande opplæring skal givast som dokumentasjon på bestått opplæringsløp. Skolen eller fylkeskommunen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og privatistar som har tatt eksamen i eller på samisk, og til dei som ber om det.

For å få vitnemål må ein ha bestått alle nødvendige fag og eksamenar i samsvar med læreplanverket. Dette gjeld likevel ikkje for

  1. dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9
  2. dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10
  3. dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
  4. dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49
  5. dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 eller § 9-40.

Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01