§ 9-48. Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring
Fag- og sveinebrev skal givast som dokumentasjon på bestått fag- og sveineprøve i vidaregåande opplæring. Praksisbrev skal givast som dokumentasjon på bestått praksisbrevprøve.
Det er berre dei som har bestått alle relevante fag og eksamenar, som kan få fag- og sveinebrev og praksisbrev. Dette kravet gjeld likevel ikkje for
- dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9
- dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10
- dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
- dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49
- dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40
- dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.
Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb treng ikkje fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.
Endra ved forskrifter 20 juni 2025 nr. 1179 (i kraft 1 aug 2025), 22 juni 2026 nr. 1184.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2024-06-03-900
- Hentet
- 2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
- Kilderevisjon
- 68ee012033bc
- Innholdshash (XML)
- 9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-01