§ 9-51. Kompetansebevis i vidaregåande opplæring

Kompetansebevis skal givast som dokumentasjon på vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte. Kompetansebevis skal også givast som dokumentasjon på gjennomgått opplæring når ein elev berre har fått opplæring i delar av eit fag.

Kompetansebeviset skal vise standpunkt- og eksamenskarakterar.

Det er skolen der elevane har fått standpunkt- og eksamenskarakterar, som utferdar kompetansebevis for elevar. Det er fylkeskommunen som utferdar kompetansebevis for lærlingar, lærekandidatar og privatistar.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01