§ 9-60. Innhaldet i og omfanget av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.

Fag- og sveineprøva skal prøve kandidatane sin kompetanse i faget, jf. § 9-1. Alle kompetansemåla i læreplanen skal kunne prøvast. Prøvenemnda skal sørgje for at kandidatane får vist om dei har den kompetansen som skal til for å få fag- eller sveinebrev i faget.

Fag- og sveineprøva skal vise kor godt kandidatane er i stand til å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere det faglege arbeidet sitt, og om dei kan grunngi løysingane sine.

Fag- og sveineprøva skal vere tilpassa tidsramma som er fastsett for prøva i læreplanen, slik at kandidatane får tid til å gjere godt arbeid. Dei hjelpemidla kandidatane har brukt i læretida, kan dei også bruke under prøva.

I tillegg til å lage oppgåva skal prøvenemnda utarbeide eit grunnlag for å vurdere løysinga. Prøvenemnda skal gjere kandidatane kjende med hovudpunkta i dette grunnlaget.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01