Kandidatar som hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva, kan visast bort. Før dei kan visast bort, må dei ha fått ei åtvaring og moglegheit til å endre oppførsel.
Det er fylkeskommunen eller den som fylkeskommunen har nemnt opp, som avgjer om ein kandidat skal visast bort frå fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva.
Før det blir avgjort om ein kandidat skal visast bort, skal kandidaten få uttale seg om saka.
Ein kandidat som har blitt vist bort frå prøva, har rett til ny fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.