Kommunen og fylkeskommunen skal ha eit system for føring av karakterar og fråvær.
Fråvær, halvårsvurdering med karakterar og sluttvurdering med karakter skal førast inn i det systemet som kommunen og fylkeskommunen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i oppførsel. Karakterane er fastsette når dei er førte inn.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at føringsfeil blir retta og attestert.
Elevar som er fritatt for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-2 tredje ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at fråvær blir dokumentert kvart halvår. Dersom eleven er hos skolehelsetenesta, skal det ikkje bli rekna som fråvær frå opplæringa etter kapittel 9 i denne forskrifta.
Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1213 (i kraft 1 aug 2026).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.