§ 3-3. Rangering av søkjarar som ikkje kan poengbereknast (realkompetansevurdering)
(1) Kvalifiserte søkjarar som ikkje kan poengbereknast, og som er 23 år eller eldre i opptaksåret, blir rangert etter ei individuell vurdering basert på skjønn, jf. fagskoleforskriften § 17 (1), jf. fagskoleloven § 16 første ledd. Fagskulen Vestland fastset sjølv kriteria for denne vurderinga, jf. fagskoleforskriften § 17 (1).
(2) Formålet med vurderinga er å avdekke om søkjaren har likeverdige ferdigheiter og kunnskapar jamført med søkjarar som får tilbod om opptak etter rangering på grunnlag av poengberekning, jf. fagskoleforskriften § 17 (1). Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre gjelde for den utdanninga søkjaren blir realkompetansevurdert til.
(3) Kompetansen til søkjaren blir vurdert opp mot læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevante programområde. Informasjon om kva som er relevant yrkesutdanning er nedfelt i studieplanane. Søkjaren må dokumentere kompetanse i felles allmenne fag som svarer til nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), jf. fagskoleforskriften § 7 (1).
(4) Søkjarar som søkjer studieplass ved Fagskulen Vestland på bakgrunn av realkompetanse kan vere:
- søkjarar som har fullført vidaregåande opplæring, men i eit anna utdanningsprogram enn det som er det formelle opptakskravet
- søkjarar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring
- søkjarar med utanlandsk utdanning.
(5) Rektor er ansvarleg for å fatte vedtak om opptak på bakgrunn av realkompetanse etter innstilling frå opptakskomiteen, jf. § 1-3 i denne forskrifta.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2021-09-17-2913
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- b511f33c9b1b0a1de1ae4875d344512a600081ebdf61187de786be003f39e971
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2022-01-01