{
 "canonical_id": "sf-20130301-0246#paragraf-3",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/patentstyreforskrifta/paragraf/3/",
 "heading_id": "3",
 "language": "no",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/patentstyreforskrifta/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "d0eb9aec83ea31c30342c087c915d75c5b2db46b32136961c76b0d590c805fd9",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "14840fdcdaf6833965eeeb74584fa849e6861ed23e09732f001ea265ad572486"
 },
 "ref_id": "forskrift/2013-03-01-246",
 "schema_version": "1",
 "slug": "patentstyreforskrifta",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2013-04-01",
  "last_change_in_force": null,
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "## § 3. Klagenemnda for industrielle rettar\n\nI tillegg til leiaren og nestleiaren, skal Klagenemnda ha tilstrekkeleg mange eksterne medlemmer, med slike kvalifikasjonar at oppgåvene som er lagde til nemnda, kan utførast på forsvarleg vis. Dei eksterne medlemmene blir oppnemnde for periodar på tre år. Dersom saksmengda gjer at det er behov for det, kan det på eit kvart tidspunkt oppnemnast nye eksterne medlemmer.\n\nNår ei avgjerd i Klagenemnda skal takast av fleire medlemmer saman, og dei er usamde, blir avgjerda gjort med alminneleg fleirtal. Det skal gå fram av avgjerda om ho er samrøystes eller om medlemmene har vore usamde. Har medlemmene vore usamde, skal det gjerast greie både for synspunkta til fleirtalet og mindretalet.\n\nKlagenemndas leiar fastset nærare føresegner om arbeidsordninga og organiseringa til nemnda.\n\nKlagenemnda skal ha eit sekretariat som skal leggje til rette for arbeidet i nemnda, ved mellom anna å førebu saker for behandling i nemnda.\n",
 "title": "Klagenemnda for industrielle rettar",
 "type": "paragraf"
}
