§ 12-5. Tilbakebetaling av utgifter til behandling

Dersom skaden fører til behandlingsutgifter innan to år etter ulykka, skal forsikringa dekkje nødvendige og dokumenterte utgifter til lege og tannlege, medisinsk behandling og reise til og frå heimen i samband med nødvendig behandling.

Ved tannskadar skal forsikringa likevel dekkje utgiftene til den første permanente tannbehandlinga så lenge behandlinga skjer seinast 31. desember det tiande året etter ulykka.

Den medisinske behandlinga etter første ledd må vere tilrådd av lege eller tannlege og vere utført av ein som er har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda.

Reiseutgiftene etter første ledd er avgrensa til kostnaden ved å reise med det billigaste transportmiddelet som er trygt å bruke for den enkelte.

Det er ikkje eit krav at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Forsikringa kan ikkje setje ei maksimumsgrense for få dekt utgifter til nødvendig behandling som er lågare enn 0,25 G.

Eigendelen kan ikkje vere høgare enn 0,015 G.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-901
Hentet
2026-08-06T06:40:16.925664+00:00
Kilderevisjon
3a41e77804b2
Innholdshash (XML)
91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01