§ 13-2. Opplysningar frå vidaregåande skolar til Utdanningsdirektoratet
Utan hinder av teieplikt skal vidaregåande skolar gjere følgjande opplysningar om elevar i den vidaregåande opplæringa tilgjengelege for Utdanningsdirektoratet:
- bakgrunnsopplysningar, til dømes om heimfylke, fødselsnummer og kjønn
- opplysningar om deltaking i vidaregåande opplæring, til dømes om elevstatus, fagval, ungdomsrett og inntak
- opplysningar om læringsresultat og gjennomføring, til dømes karakterar, resultat og karakterpoeng.
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til ein elev, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for formål som er omtalte i privatskolelova § 7-2d. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk
Endra ved forskrift 13 april 2026 nr. 591.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2024-06-03-901
- Hentet
- 2026-08-06T06:40:16.925664+00:00
- Kilderevisjon
- 3a41e77804b2
- Innholdshash (XML)
- 91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-01