{
 "canonical_id": "sf-20240603-0901#paragraf-13-3",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/privatskoleforskrifta/paragraf/13-3/",
 "heading_id": "13-3",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/privatskoleforskrifta/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "6cba78f00c8cedfa6d86768d42942ab1719eeed5673c3792039da39f81664159",
  "retrieved_at": "2026-08-06T06:40:16.925664+00:00",
  "source_revision": "3a41e77804b29211943e0feae3d91b08730b64f2",
  "xml_hash": "91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d"
 },
 "ref_id": "forskrift/2024-06-03-901",
 "schema_version": "1",
 "slug": "privatskoleforskrifta",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 13-3. Nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane\n\nPå oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane. Skolen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå skolar. Det skal vere frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.\n\nDei endelege resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.\n\nUtdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje skole- og læringsmiljøet til elevane, jf. [privatskolelova § 7-2d](lov/2003-07-04-84/§7-2d). Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.\n\n> Endra ved forskrift [13 april 2026 nr. 591](forskrift/2026-04-13-591).\n",
 "title": "Nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane",
 "type": "paragraf"
}
