{
 "canonical_id": "sf-20240603-0901#paragraf-3-10",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/privatskoleforskrifta/paragraf/3-10/",
 "heading_id": "3-10",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/privatskoleforskrifta/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "9d998530b52e809bb0e143344becc94cba1a56b6bbffa9fa93f3a9c75ec84f00",
  "retrieved_at": "2026-08-06T06:40:16.925664+00:00",
  "source_revision": "3a41e77804b29211943e0feae3d91b08730b64f2",
  "xml_hash": "91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d"
 },
 "ref_id": "forskrift/2024-06-03-901",
 "schema_version": "1",
 "slug": "privatskoleforskrifta",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 3-10. Inntak til utdanningsprogram og programområde\n\nSøkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval eller som forserer fag.\n\nEin elev kan søkje skolen om å ikkje delta i opplæringa i eit eller fleire fag for å ta eksamen som privatist. Skolen kan innvilge søknaden om det ligg føre tungtvegande grunnar.\n\nAvgjerda av om ein elev ikkje skal delta i opplæringa, er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.\n\n> Endra ved forskrift [2 april 2025 nr. 575](forskrift/2025-04-02-575).\n",
 "title": "Inntak til utdanningsprogram og programområde",
 "type": "paragraf"
}
