§ 3-12. Søkjarar utan karakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag
Ved inntak på grunnlag av poeng, skal desse søkjarane vurderast individuelt:
søkjarar som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskolen
søkjarar som har gått på ein godkjend tiårig grunnskole og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar
andre søkjarar som ikkje har eit samanliknbart karaktergrunnlag
søkjarar som etter ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter opplæringsforskrifta § 15-26.
Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav b, skal skolen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå grunnskolane dei kjem frå.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.