§ 3-2. Kven som kan takast inn

Dei som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd, jf. opplæringsforskrifta § 4-1, og kan takast inn.

Skolen kan ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første og andre ledd, rett til omval etter § 5-5, rett til påbygging til studiekompetanse etter § 5-7 første ledd, rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve, etter § 5-9, rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3 første ledd og rett til yrkesfagleg rekvalifisering etter § 18-4.

Skolar nemnde i § 3-5 kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

Ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast føre vaksne søkjarar.

Søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram eller programområde skal takast inn før andre søkjarar. Dei som gjer omval og dei som forserer fag, har rett til opplæring også i dei faga som allereie er bestått og skal reknast som søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram.

For søkjarar mellom 19 og 24 år og vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Noreg kan ei vurdering av formalkompetansen erstatte realkompetansevurderinga som skal gjerast etter privatskolelova § 3-1 andre ledd. For vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Norge kan ei vurdering av formalkompetansen skje på grunnlag av dokumentasjon som fortel kva for fag søkjarane må ta for å komme vidare i utdanningsløpet. Det er dagleg leiar som skal vurdere formalkompetansen, og kvar enkelt elev må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.

Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-901
Hentet
2026-08-06T06:40:16.925664+00:00
Kilderevisjon
3a41e77804b2
Innholdshash (XML)
91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01