Halvårsvurderinga i fag er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise kva kompetanse elevane har i faga, og gi rettleiing om korleis dei kan betre kompetansen sin. Elevar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringa.
Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg og skal vere eit uttrykk for den kompetansen kvar elev har tileigna seg ut frå det som er venta på tidspunktet for vurderinga.
Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom eit fag ikkje blir avslutta i eit skoleår, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.
Faglærarar skal gjennomføre halvårsvurderinga for elevar.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.