§ 6-46. Førstegongsvitnemål i vidaregåande opplæring

Førstegongsvitnemål skal givast som dokumentasjon til elevar som har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, innan fem år etter oppstart.

På førstegongsvitnemålet skal det førast følgjande karakterar:

  1. karakterar frå opplæringsløpet til eleven, jf. læreplanen for skolen
  2. karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, dersom eleven ønskjer det
  3. endra karakterar etter klage
  4. karakterar frå ny eksamen etter § 6-36, § § 6-38 tredje ledd eller § 6-39 andre ledd, utsett eksamen etter § 6-35 og særskild eksamen etter § 6-37
  5. karakterar som er betra i løpet av den tida læreplanen for skolen fastset for opplæringsløpet, ikkje medrekna verdiskapingstida i bedrift, dersom eleven ønskjer det.

Dersom det allereie er utferda eit førstegongsvitnemål, skal dette berre endrast dersom eleven får nye karakterar som følgje av bokstav c–e, eller dersom ein eller fleire karakterar er annullert.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-901
Hentet
2026-08-06T06:40:16.925664+00:00
Kilderevisjon
3a41e77804b2
Innholdshash (XML)
91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01