§ 6-51. Ansvar for å utferde vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring

Skolen der eleven fullfører og består opplæringa, skal utferde vitnemål. Dersom eleven treng nytt vitnemål, er det skolen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde vitnemålet på nytt.

Når ein privatist som tidlegare har fått vitnemål som elev, treng eit nytt vitnemål, er det den skolen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde det nye. Når ein privatist som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, skal ha vitnemål, er det den skolen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal utferde vitnemålet. Når ein privatist som ikkje tidlegare har fått standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, skal ha vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten bur, som skal utferde vitnemålet. Det same gjeld dersom ein privatist sist fekk standpunktkarakter i eit fag på ein skole som er godkjend etter privatskolelova.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som får nye karakterar i fag eller tar nye fag, har rett til ny dokumentasjon.

Dokumentasjon skal utferdast på skjema fastsette av Utdanningsdirektoratet.

Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det utferdast ny dokumentasjon som er så identisk som mogleg, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. Det same gjeld i tilfelle der ny dokumentasjon må utferdast etter lov om endring av juridisk kjønn § 2.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-901
Hentet
2026-08-06T06:40:16.925664+00:00
Kilderevisjon
3a41e77804b2
Innholdshash (XML)
91a2b4441229f7fe678df12ac1ec761b4ad0b66aa9d1faef0f9b4d380ee6783d
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01