§ 3-2. Emnekodar
(1) Alle emne skal ha ein tresifra kode, etter følgjande system:
- 100-emner er begynnaremne,
- 200-emne er fordjupings- eller spesialiseringsemne tilpassa studentar på bachelornivå,
- 300-emne er fordjupings- eller spesialiseringsemne tilpassa studentar på masternivå
- 600-emne er vidareutdanningsemne, medan
- 900-emne er fordjupings- eller spesialiseringsemne tilpassa studentar på ph.d.-nivå.
(2) Firesifra kodar kan nyttast dersom det ikkje er fleire aktuelle emnekodar att. Systemet i første avsnitt gjeld for dei tre første siffera.
(3) Examen philosophicum, norskkurs og emne på odontologi-, tannpleie- og medisinstudiet kan fråvike frå første avsnitt.
(4) Emnekodane samsvarer med syklusane i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, men slik at både 100-emne og 200-emne høyrer til første syklus (bachelornivå).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2023-06-15-1359
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- c5522461539d622c175c82dc1ca8948ffa7ccaa0f9ac06e9cfe9925d56b780d1
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-12-17