§ 4-5. Tap av studierett

(1) Fakultetet kan trekke tilbake studieretten dersom studenten:

  1. ikkje oppfyller krava etter § 4-3 (2) eller § 4-4,
  2. ikkje bidrar til å fastsetje utdanningsplan i samsvar med § 4-6 (4),
  3. gir melding om at hen ønsker å avslutte studiet,
  4. får opptak til eit anna studieprogram ved UiB, og det ikkje er gode faglege grunnar til at fleire studierettar finst parallelt,
  5. ikkje består noko studiepoenggivande emne i to semester på rad,
  6. på slutten av studieåret har eit etterslep på meir enn halvparten av normert progresjon for studieprogrammet,
  7. har gjort maksimalt tal eksamensforsøk i obligatoriske emne utan bestått resultat eller
  8. har fullført studieprogrammet eller emnet som opptaket gjeld.

(2) Vedtak etter bokstavane e og f i første avsnitt skal ta omsyn til innvilga permisjonar, pausar, deltidsstudium og gyldig fråvær til eksamen eller obligatoriske aktivitetar, og vedtak om utestenging. Fakultetet kan alltid trekke tilbake studieretten for studentar som ikkje har produsert studiepoeng dei siste seks semestera, med mindre studenten har hatt permisjon i heile perioden, jf. § 5-2.

(3) For kliniske og utøvande/skapande studieprogram kan fakultetet i studieplanen og/eller utfyllande reglar fastsette at studieretten kan trekkast tilbake dersom studenten er meir enn to år forsinka samanlikna med normal progresjon.

(4) Nemnd for studentsaker kan vedta utestenging og dermed midlertidig tap av studieretten, jf. universitets- og høgskulelova §§ 12-4 og 12-5.

Endra ved forskrifter 13 juni 2024 nr. 1447, 27 nov 2025 nr. 2637 (i kraft 17 des 2025).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2023-06-15-1359
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c5522461539d622c175c82dc1ca8948ffa7ccaa0f9ac06e9cfe9925d56b780d1
Rendererversjon
8
I kraft
2024-01-01
Siste endring i kraft
2025-12-17