{
 "canonical_id": "sf-20230615-1359#paragraf-5-3",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/uibs-studieforskrift/paragraf/5-3/",
 "heading_id": "5-3",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/uibs-studieforskrift/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "6b00844c813b1f79b3758332dd9658efedaf75571c304afb84c166b61a7d16fb",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "c5522461539d622c175c82dc1ca8948ffa7ccaa0f9ac06e9cfe9925d56b780d1"
 },
 "ref_id": "forskrift/2023-06-15-1359",
 "schema_version": "1",
 "slug": "uibs-studieforskrift",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-01-01",
  "last_change_in_force": "2025-12-17",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 5-3. Pause frå studia\n\n(1) Studentar på bachelorprogram, integrerte masterprogram og profesjonsstudia har rett til pause frå studia utan grunngiving i to semester.\n\n(2) Retten etter første avsnitt gjeld frå semester nummer to. Pause inneber at studieretten knytt til det aktuelle studieprogrammet blir suspendert. Pause blir innvilga for eitt eller to semester om gongen og studieretten blir utvida tilsvarande i tid.\n\n(3) Fakultetet kan i utfyllande reglar vedta at:\n\n1. inntil 60 studiepoeng må vere oppnådde før studenten får pause frå studia og\n2. retten til pause frå studia ikkje gjeld dei fire siste semestera på integrert masterprogram\n\n(4) Retten til pause frå studia gjeld ikkje for studentar på studieprogram i utøvande og skapande kunst, musikk og design.\n\n(5) Søknadsfristen for søknader etter denne føresegna er ved fristen for semesterregistrering.\n\n> Endra ved forskrift [13 juni 2024 nr. 1447](forskrift/2024-06-13-1447).\n",
 "title": "Pause frå studia",
 "type": "paragraf"
}
