§ 7-9. Fusk
(1) Studenten fuskar dersom hen på eksamen eller ein obligatorisk undervisingsaktivitet forsettleg eller grovt aktlaust bryt:
- reglane for gjennomføringa av aktiviteten eller eksamenen, og
- med akademiske forventingar.
(2) Handlingar som openbart ikkje er eigna til å gi studenten nokon fordel skal ikkje reknast som fusk.
(3) Reglane for gjennomføring, i første avsnitt, kan mellom anna vere:
- manglande tilvisingar
- fiktive tilvisingar
- å presentere tekst som eige arbeid, når ein ikkje sjølv har laga den
- ikkje tillate samarbeid, hjelparar eller hjelpemiddel (inkludert KI-verktøy),
- jukselappar og liknande,
- handlingar som verkar inn på sensor eller fagperson si sensurering eller vurdering
- fabrikkering eller forfalsking av data
- falsk oppmøteregistrering
- å skaffe seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startar
- andre brot på reglane for aktiviteten eller eksamenen.
Tilføyd ved forskrift 27 nov 2025 nr. 2637 (i kraft 17 des 2025).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2023-06-15-1359
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- c5522461539d622c175c82dc1ca8948ffa7ccaa0f9ac06e9cfe9925d56b780d1
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-12-17