§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga

1. Produktbeskriving

Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger er plommer (Prunus) dyrka i Hardanger.

Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte plommesorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstilla minimumskrava til storleik og refraktometerverdi i tabell 1.

Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal vera feilfrie og ikkje ha skadar etter insektangrep eller skjemmande merke. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer skal i størst mogleg grad ha stilk.

Tabell 1: Produktkrav (minimumskrav) Hardangerplommer

PlommesortDiameter (mm)Refraktometerverdi (%)
Edda> 3614
Exalibur> 4213
Jubileum> 4214
Mallard> 3814
Opa> 3614
Reeves> 4214
Victoria> 3814
Andre sortar> 3814

2. Geografisk område

Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.

3. Produksjonsmetode

Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar.

Plommetrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea. Plommetrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting.

Trea skal handtynnast, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov, og kalkast og gjødslast planmessig.

Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1.

Plommene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur.

4. Merking av produktet

Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.

Endra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1283.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2006-08-25-998
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c96ed5593fd47549cb65d496df2348b5db060e52cd0f51a8a6d825f3b1189084
Rendererversjon
8
I kraft
2006-08-25
Siste endring i kraft
2023-07-25