§ 1-5. Skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som er unnateke frå våpenlova sitt verkeområde

Følgjande gjenstandar reknast ikkje som skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter våpenlova § 2, og er unnateke frå våpenlova sitt verkeområde:

  1. bogar,
  2. gjenstandar eller andre innretningar som berre kan sende ut lys eller andre former for stråling,
  3. boltpistol, spikarpistol, industrikanoner og andre gjenstandar eller innretningar som er laga til bruk i bygningsverksemd eller andre industrielle føremål,
  4. gjenstandar som er laga for å sende ut prosjektil eller andre gjenstandar, utan bruk av drivmiddel som, krut, gass, komprimert luft eller mekanisk innretning,
  5. våpendelar og ammunisjon som berre kan brukast i gjenstandar som nemnt i nummer 1 til 4,
  6. gjenstandar som er laga for å sende ut væske eller gass ved hjelp av mekanisk innretning eller drivgassar,
  7. ufarlege gjenstandar som er laga til bruk som leiketøy for born,
  8. lause hagl til haglevåpen,
  9. runde prosjektil til munnladarar eller perkusjonsrevolverar, og
  10. tåregassboksar som er bestemt for eller som brukast av Kriminalomsorga.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02