Utanlandsk borgar med gyldig europeisk våpenpass kan for eit tidsrom på inntil tre månader mellombels innføre skytevåpen som er oppført i våpenpasset for deltaking i jakt, sportsskyting eller samlaraktivitetar. Saman med skytevåpenet kan det også innførast ammunisjon i rimelege mengder som passar i skytevåpenet som skal innførast. Det kan berre innførast skytevåpen og ammunisjon som lovleg kan brukast til det føremål som grunngjev innførselen.
Den som mellombels skal innføre skytevåpen i medhald av første ledd må ha med dokumentasjon for at skytevåpenet skal brukast til jakt, sportsskyting eller samlaraktivitet. Slik dokumentasjon kan til dømes vere deltakarliste, innbyding til jakt eller invitasjon frå godkjent våpensamlar.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.