§ 5-1. Erverv og innehav av skytevåpen og våpendelar som skal brukast av andre

Politiet kan gje løyve til å erverve og ha skytevåpen og våpendelar til personar som skal oppbevare dei på vegne av nokon som grunna alder ikkje sjølv kan erverve og ha skytevåpen.

Politiet kan gje løyve etter første ledd for rifler, kombinasjonsvåpen eller haglevåpen med enkeltskot eller manuell omlading, halvautomatiske haglevåpen, pistolar og revolverar. Løyvet skal vere avgrensa til våpentypar som lovleg kan brukast til det føremålet som grunngjev ervervet.

Politiet kan gje løyve etter første ledd når både den som ervervar skytevåpen og våpendelar og den som skal bruke skytevåpen og våpendelar oppfyller krava til personlege eigenskapar etter kapittel 7 i denne forskrifta og våpenlova § 16. Den som skal erverve og ha skytevåpen på vegne av andre må i tillegg oppfylle krava til alder etter våpenlova § 15 og dokumentere tilstrekkeleg våpendugleik, men treng ikkje oppfylle kravet til behov som er gjeve i eller i medhald av våpenlova kapittel 4.

For at politiet skal kunne gje løyve etter første ledd for rifle, kombinasjonsvåpen eller haglevåpen må den som skal bruke skytevåpenet og våpendelen vere under 16 år, og oppfylle krava for erverv av skytevåpenet til sportsskyting etter § 4-7, eller vere registrert i Jegerregisteret og oppfylle krava for opplæringsjakt i viltlovgjevinga.

For at politiet skal kunne kan gje løyve etter første ledd for pistol eller revolver må den som skal bruke skytevåpenet og våpendelen vere mellom 12 og 21 år, og oppfylle krava for erverv av skytevåpenet til sportsskyting etter § 4-6. Om den som skal bruke skytevåpenet er under 18 år, kan politiet berre gje løyve til erverv av pistol eller revolver i kaliber.22 Long Rifle.

Politiet kan gje løyve etter første ledd for inntil to år av gangen. Ved søknad om å forlenge løyvet skal søkar dokumentere at vilkåra for løyvet framleis er oppfylte.

Endra ved forskrift 18 mars 2025 nr. 469 (i kraft 1 mai 2025, se endringa for overgangsreglar).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02