§ 5-11. Erverv av skytevåpen og våpendelar for tilsette i politiet og Forsvaret

Politiet kan utan behovsvurdering gje løyve til å erverve og ha skytevåpen til følgjande tenestepersonar i politiet og Forsvaret:

  1. offiserar, befal, grenaderar og konstablar som har inngått kontrakt om tilsetting i Forsvaret etter forsvarslova § 3 bokstav b,
  2. tilsette i politi- og lensmannsetaten med politimynde etter politilova § 20 første ledd, og
  3. studentar ved Politihøgskulen.

Politiet kan gje løyve etter første ledd for pistol, revolver og rifle med enkeltskot eller manuell omlading med dei avgrensingar som følgjer av kapittel 3, samt for halvautomatiske rifler som er godkjente til jakt etter våpenlova § 11 andre ledd og kapittel 3 i denne forskrifta. Eit løyve etter første ledd kan gjevast for inntil tre komplette skytevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena.

Politiet kan berre gje løyve etter første ledd til personar som kan dokumentere å ha gjennomført godkjent våpenopplæring i den etat der vedkomande er tilsett eller studerer.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02