Ved krav for vandel kan det berre leggast vekt på opplysningar som hadde framkome på en uttømande og utvida politiattest, jf. politiregisterlova § 41.
Det krevst ikkje plettfri vandel for å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Ved vurderinga av om merknadar kan føre til nekting av løyve skal det sjåast til arten av brotsverket og om det er ein samanheng mellom den kriminelle handlinga og evna til eller tilliten til at vedkomande vil bruke skytevåpen på lovleg måte.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.